Author Archives: master

Opningsarrangement Tor Jonsson-året 21. mai

Laurdag 21. mai inviteter vi til jubileumsmarkering av Tor Jonsson i Lom. Til markeringa vil Tor Jonssons-plass framfor kommunehuset bli opprusta. Sitat av Tor Jonsson blir prega i stein og vil pryde sentrum for all framtid. Hildegunn Hovde og Aslak O. Brimi har tonesett dikt av Tor Jonsson og har med seg Aasmund Nordstoga med […]

Engelen med eldsverdet

Her avslører Tor Jonsson meir om «denne skuggen, som krøkjer armane kring henne, held henne fast – så ho aldri, aldri kan koma meg i møte». Dette er fortsetjing av forteljinga frå barndommen som vi la ut 13. februar.  I kleven budde Gamle-Lars. Der hadde han levt heile livet. Men likevel kunne han fortelja om alt […]

Skuggen

«Aldri kan eg få takka dei lyse barndomsdagane med ord,» lyder  første setninga i denne teksta, som Tor Jonsson skreiv den siste tida han levde. Men i barndomslyset var det ein skugge, som heller ikkje er blitt borte i vaksenlivet.  Aldri kan eg få takka dei lyse barndomsdagane med ord. Eingong var fattigdomen kjær. For i […]

Soga om steinrøysane

Foto: NRK Alf Prøysen: Steinrøysa neri bakkenDet er ikkje berre Alf Prøysen som har skrive om steinrøysa i norsk litteratur. Tor Jonsson skreiv også om steinrøysane som han såg som eit minnesmerke over husmennene. Heile livet var Tor Jonsson oppteken av tilhøvet mellom husmenn og ættebønder. Han var sjølv son av ein husmann som hadde ein […]

Verst er å gå frå usådd åker og ufødd vår

Halldis Moren Vesaas og Inger Smith Heiberg på eit Tor Jonsson-arrangement i Lom i 1982 framfor minnestøtta.Tor Jonsson sin gravferdsdag 27. januar var uvanleg kald, sjølv i fjellbygda. Men i kyrkja, som den døde hadde sagt og skrive så mykje stygt om, var det varmt. Kyrkja var overfylt av langvegsfarande gjester og sambygdingar. «Med blomar frå […]

Venetapet

Tor Jonsson (t.v.), Einar Skjæraasen og Jan-Magnus Bruheim (t.h.). Tor og Jan-Magnus reiste ofte saman innover til Oslo på møte i forfattarforeininga. Dei løyvde seg nesten alltid nokre ekstra dagar i for- og bakkant. Her er dei heime hjå Kjetil Ljøstad saman med Einar Skjæraasen. Foto: NTB ScanpixI dagane etter dødsfallet var det mange som […]