Her avslører Tor Jonsson meir om «denne skuggen, som krøkjer armane kring henne, held henne fast – så ho aldri, aldri kan koma meg i møte». Dette er fortsetjing av forteljinga frå barndommen som vi la ut 13. februar. I kleven budde Gamle-Lars. Der hadde han levt heile livet. Men likevel kunne han fortelja om alt […]
Category Archives: Alle Innlegg
«Aldri kan eg få takka dei lyse barndomsdagane med ord,» lyder første setninga i denne teksta, som Tor Jonsson skreiv den siste tida han levde. Men i barndomslyset var det ein skugge, som heller ikkje er blitt borte i vaksenlivet. Aldri kan eg få takka dei lyse barndomsdagane med ord. Eingong var fattigdomen kjær. For i […]
Eit kort dikt på tampen av veka. Eitt til frå debutsamlinga Mogning i mørkret frå 1943. Klagar du – Klagar du livet for gråe dagar, umetta magar, sorger og sår? Verst er å gå frå usådd åker og ufødd vår.
Tor Jonsson debuterte i 1943 med diktsamlinga Mogning i mørkret. Det fyrste diktet i fyrste samlinga er Ordet, eitt av dikta som skulle bli blant hans mest kjende. ORDET Kva hjelp det å syngje som elv i det aude? Kva hjelp det å kynge med klokker for daude? Kva hjelp det å skapa all venleik i verda, når Ordet […]
Det er ikkje berre Alf Prøysen som har skrive om steinrøysa i norsk litteratur. Tor Jonsson skreiv også om steinrøysane som han såg som eit minnesmerke over husmennene. Heile livet var Tor Jonsson oppteken av tilhøvet mellom husmenn og ættebønder. Han var sjølv son av ein husmann som hadde ein sterk og levande draum om å […]
Halldis Moren Vesaas og Inger Smith Heiberg på eit Tor Jonsson-arrangement i Lom i 1982 framfor minnestøtta.Tor Jonsson sin gravferdsdag 27. januar var uvanleg kald, sjølv i fjellbygda. Men i kyrkja, som den døde hadde sagt og skrive så mykje stygt om, var det varmt. Kyrkja var overfylt av langvegsfarande gjester og sambygdingar. «Med blomar frå […]
Tor Jonsson (t.v.), Einar Skjæraasen og Jan-Magnus Bruheim (t.h.). Tor og Jan-Magnus reiste ofte saman innover til Oslo på møte i forfattarforeininga. Dei løyvde seg nesten alltid nokre ekstra dagar i for- og bakkant. Her er dei heime hjå Kjetil Ljøstad saman med Einar Skjæraasen. Foto: NTB ScanpixI dagane etter dødsfallet var det mange som […]
Eg åtte ikkje kjærleik men tala pent med englemunn og alle mine tome ord gjer stygg mi levestund. Eg såg det vonde koma og visste kva det galdt men åtte ikkje kjærleik og difor sveik eg alt. Eg brann for alle arme og stod i broderring, men åtte ikkje kjærleik og difor er eg ingen […]
Måleri av Knut LjøsneOslo, 9. – 14. januar 1951 Seint på ettermiddagen første måndagen i andre veka på nyåret 1951, låg to diktarar i kvar si seng på eit rom på Bondeheimen i Oslo. Den eldste av dei to tenkte på korleis han skulle leggje fram ærendet sitt. Kona hans, som kjende romkameraten langt betre […]
6. – 8. januar 1951 Ein av dei første dagane på nyåret, oppsøkjer han barndomsvenen Lars Ekre, som også bur i Oslo. Dei to har ikkje hatt så mykje kontakt i vaksenlivet. Dei nesten jamgamle lomværane pratar denne kvelden mykje om far til Tor Jonsson, Prestkroken-striden og presten Smith. Ein bitter Tor Jonsson har bestemt […]
