«Aldri kan eg få takka dei lyse barndomsdagane med ord,» lyder første setninga i denne teksta, som Tor Jonsson skreiv den siste tida han levde. Men i barndomslyset var det ein skugge, som heller ikkje er blitt borte i vaksenlivet. Aldri kan eg få takka dei lyse barndomsdagane med ord. Eingong var fattigdomen kjær. For i […]
Category Archives: Forfattaren
Eit kort dikt på tampen av veka. Eitt til frå debutsamlinga Mogning i mørkret frå 1943. Klagar du – Klagar du livet for gråe dagar, umetta magar, sorger og sår? Verst er å gå frå usådd åker og ufødd vår.
Tor Jonsson debuterte i 1943 med diktsamlinga Mogning i mørkret. Det fyrste diktet i fyrste samlinga er Ordet, eitt av dikta som skulle bli blant hans mest kjende. ORDET Kva hjelp det å syngje som elv i det aude? Kva hjelp det å kynge med klokker for daude? Kva hjelp det å skapa all venleik i verda, når Ordet […]
Det er ikkje berre Alf Prøysen som har skrive om steinrøysa i norsk litteratur. Tor Jonsson skreiv også om steinrøysane som han såg som eit minnesmerke over husmennene. Heile livet var Tor Jonsson oppteken av tilhøvet mellom husmenn og ættebønder. Han var sjølv son av ein husmann som hadde ein sterk og levande draum om å […]
Eg åtte ikkje kjærleik men tala pent med englemunn og alle mine tome ord gjer stygg mi levestund. Eg såg det vonde koma og visste kva det galdt men åtte ikkje kjærleik og difor sveik eg alt. Eg brann for alle arme og stod i broderring, men åtte ikkje kjærleik og difor er eg ingen […]
Biblioteka i Nord-Gudbrandsdalen har samla og publisert fjelldikt av diktarane frå dalen og frå heile landet i Ord om fjell. Her er dikta av Tor Jonsson: Ord om fjell av Tor Jonsson. Dikta er òg innlesne av lokale innlesarar som les på dialekt der det høver. Under ser de eitt av dikta, På draumegras. På draumegras Sigmund […]
Når du er borte Nærast er du når du er borte. Noko blir borte når du er nær. Dette kallar eg kjærleik – Eg veit ikkje kva det er. Før var kveldane fylte med susing frå vind og foss. No ligg ein bortgøymd tone og dirrar imellom oss. (Ei dagbok for mitt hjarte, 1951)
DIKTSAMLINGAR Mogning i mørkret, 1943 Berg ved blått vatn, 1946 Jarnnetter, 1948 Ei dagbok for mitt hjarte, 1951 ANDRE UTGJEVINGAR Nesler (artiklar), 1950 Siste stikk (skodespel i ei akt), 1951 Nesler. Ny samling (redigert av Rolv Thesen), 1952 Til Sparre Olsen på 50-årsdagen, 1953 Dikt i samling, 1956 Prosa i samling (redigert av Helge Skaranger), […]
Lyrikaren Tor Jonsson Da Tor Jonsson døydde 14. januar i 1951, hadde han gjeve ut tre diktsamlingar, Mogning i mørkret i 1943, Berg ved blått vatn i 1946 og Jarnnetter i 1948. Han hadde òg gjeve ut ei artikkelsamling, Nesler, i 1950. Posthumt kom ei etterlatt diktsamling, Ei Dagbok for mitt hjarte, som Noregs Boklag […]
Avismannen Tor Jonsson Frå 1943-45 er Tor Jonsson medarbeidar i Dølenes blad, seinare Dølabladet, på Otta. Det er fyrst og fremst satirikaren, humoristen og flåkjeften som slepper seg laus i spaltene. Han gøymer seg bak pseudonym, kallar seg Mikro, Kjeftausa og Kjatrik. Gunnar Reer Olsen, som var redaktør av Dølenes Blad da Tor Jonsson var […]