Bjarne Tormodsgard: Mitt Tor Jonsson-dikt. Tor Jonsson var også ein humorist. I dette diktet held han ap med kristenfolket i Hallingdal som han hadde terga på seg frå redaktørstolen i Hallingdølen. Diktet seier det meste om redaktørrolla i ei lokalavis. Det har eg sjølv fått erfare i mine 18 år som redaktør i Hallingdølen. Difor […]
Tag Archives: Lyrikk
Andreas Hompland: Mitt Tor Jonssondikt. «Ordet» er Tors første dikt, då det var mogning i mørkret. Eg er ikkje diktar, men eg har levd mitt arbeidsliv med å skriva og bruka ord, utan heilt å vita kva eg har gjort og kva som er gløymt – av meg sjøl og andre. Eg er fri med […]
Håvard Teigen: Mitt Tor Jonsson-dikt Mitt Tor Jonsson-dikt på gebursdagen hans 14. mai er KONG HUSMANNSGUT. Grunnen er at dette diktet blir lese som starten på middag med kulturelle innslag etter at vi har hatt vandringa på det Tor kalla «Våre Frelsares Gravlund». Men sjølvsagt er det også personleg attkjenning, ikkje minst […]
Eg vel meg dette diktet fordi eg deler Tor Jonssons fattige ynskje. Var eg ein gud, ville eg òg skapa ei stillare verd der alle skulle elske. Kva meir kan ein drøyme om enn ei verd der kjærleik og forståing mellom menneska rår? Ein kjærleik som rommar omsyn og omsorg for alt levande. Det er […]
Når du er borte Nærast er du når du er borte. Noko blir borte når du er nær. Dette kallar eg kjærleik – Eg veit ikkje kva det er. Før var kveldane fylte av susing frå vind og foss. No ligg ein bortgøymd tone, og dirrar imellom oss.
Den nye boka Nærast er du når du er borte. Dikt i samling kom til i samarbeid mellom Tor Jonsson-laget og Det Norske Samlaget i høve at det i år er 70 år sidan Tor Jonsson døydde. Her er dikta frå dei tidlegare samlingane tekne med saman med eit nytt tillegg på om lag 50 dikt. Dette er […]
Eit kort dikt på tampen av veka. Eitt til frå debutsamlinga Mogning i mørkret frå 1943. Klagar du – Klagar du livet for gråe dagar, umetta magar, sorger og sår? Verst er å gå frå usådd åker og ufødd vår.
Tor Jonsson debuterte i 1943 med diktsamlinga Mogning i mørkret. Det fyrste diktet i fyrste samlinga er Ordet, eitt av dikta som skulle bli blant hans mest kjende. ORDET Kva hjelp det å syngje som elv i det aude? Kva hjelp det å kynge med klokker for daude? Kva hjelp det å skapa all venleik i verda, når Ordet […]
Eg åtte ikkje kjærleik men tala pent med englemunn og alle mine tome ord gjer stygg mi levestund. Eg såg det vonde koma og visste kva det galdt men åtte ikkje kjærleik og difor sveik eg alt. Eg brann for alle arme og stod i broderring, men åtte ikkje kjærleik og difor er eg ingen […]
Biblioteka i Nord-Gudbrandsdalen har samla og publisert fjelldikt av diktarane frå dalen og frå heile landet i Ord om fjell. Her er dikta av Tor Jonsson: Ord om fjell av Tor Jonsson. Dikta er òg innlesne av lokale innlesarar som les på dialekt der det høver. Under ser de eitt av dikta, På draumegras. På draumegras Sigmund […]
- 1
- 2