Den årvisse vandringa i Tor Jonssons fotspor på Vår Frelsers Gravlund i Oslo er ikkje så årviss nå. For andre år på rad må vi korona-avlyse. Dette er spesielt bittert i år. Det er 70 år sidan Tor døydde og Samlaget har gjeve ut «Dikt i samling» med 50 nye dikt. Boka skulle presenterast som […]
Category Archives: Alle Innlegg
Onsdag 26. mai har Tor Jonsson-laget plan om å skipe til eit arrangement på Lillehammer: PÅ TUR MED TOR. Vi møter opp i Tor Jonsson veg og går i år vidare til Hans Aanrud veg. Båe stader presenterer vi diktaren og det blir song, opplesing og boksal. Følg med på heimesida. Rett over 17. […]
Håvard Teigen: Mitt Tor Jonsson-dikt Mitt Tor Jonsson-dikt på gebursdagen hans 14. mai er KONG HUSMANNSGUT. Grunnen er at dette diktet blir lese som starten på middag med kulturelle innslag etter at vi har hatt vandringa på det Tor kalla «Våre Frelsares Gravlund». Men sjølvsagt er det også personleg attkjenning, ikkje minst […]
Eg vel meg dette diktet fordi eg deler Tor Jonssons fattige ynskje. Var eg ein gud, ville eg òg skapa ei stillare verd der alle skulle elske. Kva meir kan ein drøyme om enn ei verd der kjærleik og forståing mellom menneska rår? Ein kjærleik som rommar omsyn og omsorg for alt levande. Det er […]
Når du er borte Nærast er du når du er borte. Noko blir borte når du er nær. Dette kallar eg kjærleik – Eg veit ikkje kva det er. Før var kveldane fylte av susing frå vind og foss. No ligg ein bortgøymd tone, og dirrar imellom oss.
Inge Eidsvåg Tor Jonsson og Alf Prøysen – en sammenligning Tor Jonsson og Alf Prøysen møttes aldri noen gang, Jeg har heller ikke funnet at de uttalte seg om hverandre som diktere. Men vi vet at Alf Prøysen hadde Tor Jonssons bøker i bokhylla og at han leste dem.[i] Vi vet også at Tor […]
Det er dei mjuke kjærleiksdikta alle kjenner han for, men Tor Jonsson hadde ein av dei skarpaste pennane Noreg har fostra. I kampen mot fattigdom, urettferd, pietisme og bygdedyr var han vår alles faneberar. I år det 70 år sidan Jonsson tok livet sitt, berre 34 år gamal. Eg takkar barndomsheimen for hat i heilag […]
Klara Kvehaugen Prolog på programkvelden under Tor Jonsson-minnedagar 27.juli 1991. Til minne om Tor Du sa det sjølv, du var ein framand vi lærde kje å kjenne deg. Vi flokka oss til leik og dans, du gjekk din eigen veg. Visst var det trongt, vi minnest vel dei harde, strenge åra. […]
Den nye boka Nærast er du når du er borte. Dikt i samling kom til i samarbeid mellom Tor Jonsson-laget og Det Norske Samlaget i høve at det i år er 70 år sidan Tor Jonsson døydde. Her er dikta frå dei tidlegare samlingane tekne med saman med eit nytt tillegg på om lag 50 dikt. Dette er […]
I dag, 14 januar er det 70 år sidan Tor Jonsson døydde. Han avslutta livet sitt sjøl. Tarjei Vesaas fann han i senga si. Da levde han framleis og vart sendt på sjukehus, men han vakna aldri opp att. Vesaas reiste tilbake dagen etter. Her refererer vi frå Ingar Sletten Kolloens biografi «Berre kjærleik og […]