Author Archives: master

Jubileumsmarkering i Lom 21. mai

Billettar og påmelding: Billettar til festkvelden Festmiddag på Fossheim kr 350. Påmelding innan 19. mai:  61 21 95 00. Om arrangementet: Jubileumsmarkeringa startar med opning av ein nyoppussa Tor Jonsson plass framfor Midtgard kl. 13.00. Der blir det helsingar ved leiaren for Tor Jonsson-laget og ordføraren i Lom. Songkoret Lomsklangen framfører dikt av Tor Jonsson. Så legg […]

Kjærleik og død – Ingar Sletten Kolloen, Marit Eikemo og Ruth Lillegraven

Nasjonalbiblioteket måndag 2. mai kl. 19.00 Var eg ein Gud, / ville eg skapa / kjærleik og død, / berre kjærleik og død. Med fast rytme, korte verselinjer og store tema skreiv – og levde – forfattaren og journalisten Tor Jonsson (1916-1951). Han tok sitt eige liv berre 34 år gamal, men arbeidet hans set […]

Einseto – nytt album med tekster av Tor Jonsson

Albumet EINSETO lanserast 20.mai. Nye tonesettinger av Jonsson sine dikt ved Hildegunn Hovde og Aslak Brimi Einseto. Det å vera aleine med seg sjølv. Ha ei stille stund. Diktaren Tor Jonsson (1916-1951) hadde mange stunder for og i seg sjølv. I djupet. I kjærleiken. Eller manko på slikt. Jonsson hadde eit liv med papir og […]

Eg trur eg vil utdane meg til turist

Vi tek opp att tråden der vi sleppte han sist; heimbygda på Tor Jonsson si tid. Frå rundt 1850 hadde forfattarar, målarar og tonekunstnarar søkt seg til bygda for å hente inspirasjon. Anders Sandvig hadde samla kunstskattar frå Lom og dei andre bygdene i Gudbrandsdalen. Biletvev, treskurd, prydsaum, sylv- og smiarbeid vart landskjende gjennom muséet […]

Heimbygd, heimbygd med di harde andletsbragd av stein

«Kanskje det er turr luft og høg himmel som har gjort dei har dikta so godt i Nord-Gudbrandsdalen», undrar Olav H. Hauge i brev til Bodil Strømsted i 1971. Var det noko i det karrige jordsmonnet, var det trongdalslendet som dyrka fram skrivekunstnarar av rang som Olav Aukrust, Tore Ørjasæter, Tor Jonsson, Jan-Magnus Bruheim og […]