I morgon er det 70 år sidan Tor Jonsson tok sitt eige liv, 35 år gammal. Det vart skrive at denne store diktaren dessverre døydde for ung og derfor raskt ville gå i gløymeboka. Slik vart det ikkje. I 2016 var det hundre år sidan han var fødd. Da vart Tor feira over heile landet […]
Category Archives: Alle Innlegg
Bli med på markeringa av Tor Jonsson sin fødselsdag med vandring på Vår Frelsers gravlund tysdag 14. mai! I år stoppar vi lengst ved grava til Alf Prøysen der Inge Eidsvåg kåserer og samanliknar «en deprimert gledesspreder fra Hedmarken» og «en høyst oppegående sjølmorder fra Gudbrandsdalen». I tillegg bidreg Andreas Hompland og Gard Espeland på […]
Bli med på markeringa av Tor Jonsson sin fødselsdag 14. mai med vandring på Vår Frelsers gravlund og middag på Bondeheimen! Frist for påmelding: 3. mai. Program og invitasjon under.
I dag er det 101 år sidan Tor Jonsson vart fødd i Lom. Jubileumsåret i fjor synte at det fortsatt er stor interesse for diktaren, og at mange av tekstane hans lever i beste velgåande. Vi i Tor Jonsson-laget er svært glade for at jubiléet vart så vellykka som det vart, med ei mengd godt […]
2016 var Tor Jonsson-året. Det var 100 år sidan han vart fødd. Det var 14. januar han døydde etter å ha teke livet sitt. Det er 14. januar i dag. Vi ville ikkje starte jubileumsåret med å feire den tragiske måten han gjekk bort på. Derfor venta vi med å starte feiringa. Derimot er det […]
I dag lanserer Posten Tor Jonsson-frimerket. Posten markerer i år jubilea til Tor Jonsson (1916-1951) og Johan Sverdrup (1816-1892), «den norske parlamentarismens far», med to nye frimerke. Sverdrup er best kjend for innføringa av parlamentarismen i 1884, kampen for at Stortinget skulle velja regjering og at Kongen skulle få mindre makt. Stiftinga av dei politiske partia […]
Urframføring i Lom 12. november! Georg Buljo har tonesett Tor Jonsson og har med seg eit knippe av våre fremste musikarar til å framføre den nye musikken. Susanna Wallumrød, Georg Buljo, Erlend Viken, Per W. Aaserud og Christian Svensson, Sigmund Bråtet bidreg med diktlesing. Møt opp på konserten i Utgard 12. november kl. 19.30! Arr.: […]
Både svart og kvitt er sterke symbol i poesien, ikkje minst hos Tor Jonsson. Men tekstane hans kan også vera fargerike, med både kontrastar og nyansar. Forestillinga Kvite fuglar er laga i høve jubileumsåret av Hallgjerd Byrkjeland og Katarina Svendsen. Her vekslar prosa, poesi og biografi med musikk, mellom anna av komponistvenen Sparre Olsen. Premieren er […]
Denne veka arrangerte Tor Jonsson-laget i samarbeid med Halllingdølen og Landslaget for norske lokalaviser (LLA) motstraumsseminar i Ål i Hallingdal. Tor Jonsson var ein periode redaktør for avisa Hallingdølen til han kom på kant med kristenfolket i dalen og presten i Ål tordentala over redaktøren frå preikestolen første dag jul i 1946. Korleis styrke mangfaldet […]
Boka Eit ord er eit under. Tekster i samling er klar og ute på marknaden. Det er Oplandske Bokforlag som står for utgjevinga. Leiar i Tor Jonsson-laget, Håvard Teigen, har redigert boka og Jon Fosse har skrive forord. Boka inneheld essay og artiklar frå Nesler, andre essay og artiklar, forteljingar, skodespel, prologar og ein eigen […]