Urframføring i Lom 12. november! Georg Buljo har tonesett Tor Jonsson og har med seg eit knippe av våre fremste musikarar til å framføre den nye musikken. Susanna Wallumrød, Georg Buljo, Erlend Viken, Per W. Aaserud og Christian Svensson, Sigmund Bråtet bidreg med diktlesing. Møt opp på konserten i Utgard 12. november kl. 19.30! Arr.: […]
Author Archives: master
Både svart og kvitt er sterke symbol i poesien, ikkje minst hos Tor Jonsson. Men tekstane hans kan også vera fargerike, med både kontrastar og nyansar. Forestillinga Kvite fuglar er laga i høve jubileumsåret av Hallgjerd Byrkjeland og Katarina Svendsen. Her vekslar prosa, poesi og biografi med musikk, mellom anna av komponistvenen Sparre Olsen. Premieren er […]
Denne veka arrangerte Tor Jonsson-laget i samarbeid med Halllingdølen og Landslaget for norske lokalaviser (LLA) motstraumsseminar i Ål i Hallingdal. Tor Jonsson var ein periode redaktør for avisa Hallingdølen til han kom på kant med kristenfolket i dalen og presten i Ål tordentala over redaktøren frå preikestolen første dag jul i 1946. Korleis styrke mangfaldet […]
Boka Eit ord er eit under. Tekster i samling er klar og ute på marknaden. Det er Oplandske Bokforlag som står for utgjevinga. Leiar i Tor Jonsson-laget, Håvard Teigen, har redigert boka og Jon Fosse har skrive forord. Boka inneheld essay og artiklar frå Nesler, andre essay og artiklar, forteljingar, skodespel, prologar og ein eigen […]
I høve Tor Jonsson-jubiléet blir teaterframsyninga Berre kjærleik og død av Ingar Sletten Kolloen sett opp på Det Norske Teatret onsdag 24. og på Rudi gard torsdag 25. august. I september blir det høve til å sjå stykket fredag 2. september under Diktardagar i Lom, Skjåk og Vågå og fredag 16. september på Trondheim folkebibliotek. Teaterstykket […]
Samlaget har i år gjeve ut ny utgåve av Dikt i samling. Det er fyrste gongen samla dikt kjem ut i billigbok, og her er omtala av boka: «Då Tor Jonsson (f. 1916) knapt 35 år gammal tok sitt eige liv i 1951, var han rekna som ein av våre mest markante diktarar. I dikta […]
Kyrkja bar eg opp i ein vakker bjørkelund, for der budde Gud. «Diktet» (Tekster I) Tor Jonsson syner eit kontrastfylt tilhøve til kyrkja alt frå dei fyrste tekstene han skreiv. Midt i blant gardom stod kyrkja som ein gravstein, skriv han i novella «Guten som gjekk dit nordavinden slutta å blåse» frå 1936. I «Eit […]
21. mai gjekk jubileumsmarkeringa for Tor Jonsson av stabelen i heimbygda Lom. Folk møtte opp i hopetal til opninga av den nyrestaurerte Tor Jonssons plass og til vandringa «Ord i stein». Steinheller med sitat av Tor Jonsson er nå plassert rundt omkring på Bergom, noko som gjer diktaren langt meir synleg i bygdesenteret. Ved stuslegstugu […]
Vi har gleda av å presentere det nye magasinet med tekster av og om Tor Jonsson på 100-årsdagen hans i dag. Klikk på biletet og bla deg gjennom heftet. God lesnad!